Personvern og cookies

Anlegg & Industriteknikk AS tek personvern på alvor og har etablert rutinar for handsaming av personopplysningar. På aiteknikk.no er det ikkje installert cookies/informasjonskapslar som gir Anlegg & Industriteknikk AS informasjon om bruken av nettsida, eller kven som har besøkt den, men det er installert tredjepartstillegg i form av ein Facebook «liker-knapp» som nyttar cookies. Den einaste straumen av informasjon som går frå aiteknikk.no til Anlegg & Industriteknikk AS er via vårt kontaktskjema.

Kontaktskjema

aiteknikk.no nyttar eit kontaktskjema som besøkande kan bruke til å sende oss e-post direkte frå nettsida. For å nytte skjemaet må ein oppgi namn og e-postadresse, opplysningar vi vil trenge for å kunne respondere på henvendinga på ein god og profesjonell måte. Anlegg & Industriteknikk AS vil ikkje lagre desse opplysningane utover oppføringar som vil oppstå i våre e-postklientar som følgje av korrespondansen, og vil ikkje vidarebringe opplysningar til tredjepartar, eller nytte dei til utsending av marknadsføringsmateriale, nyhendebrev, eller liknande typar e-postar sendt ut til større grupper.

Facebook

aiteknikk.no nyttar ein «liker-knapp» som våre besøkande kan trykke på for å følgje vår konto på Facebook, og gjennom den få oppdateringar på den løpande aktiviteten i selskapet. Denne funksjonen sender data til Facebook når sida lastar, uavhengig av om den besøkande er medlem av Facebook, eller har trykt på den aktuelle knappen. Anlegg & Industriteknikk får ikkje tilgang til opplysningane som blir samla inn, og Facebook vil slette eller anonymiserer informasjonen innan 90 dagar. For meir informasjon, sjå sida Mottar Facebook informasjonskapsler når jeg besøker et nettsted med en Liker-knapp eller andre sosiale programtillegg?.

Sletting

Om du har spørsmål eller ønskjer å få sletta personopplysningar som Anlegg & Industriteknikk AS har fått tilgang til gjennom aiteknikk.no eller på anna måte, ber vi deg ta kontakt på telefon +47 917 72 253 eller e-post geir@aiteknikk.no.